Skal de til Kongeparken, eller til Jærstrendene?Oppleva Stavanger sitt yrande liv om sommeren, besøke Sandnes, Kvadrat eller kansje Vitenfabrikken?
Ta turen til Preikestolen eller mektige Kjerag.
Kjøre gjennom Gloppedalsura og besøke Byrkjedalstunet eller Månafossen.
På tur til Egersund, Sokndalstrand, Jøssingfjord eller Flekkefjord og kansje oppleve dei spektakulære Brufjellhålene.
Kansje dere skal på eit kurs, jobbe i området, på ei messe eller på eit idrettsarrangement.
Eikeland Gard ligg mindre enn ein time å kjøyre fra dei aller fleste stader og attraksjonar i Sør Rogaland eller Flekkefjord.
På Eikeland Gard har vi mange gårdsveier som egner seg som turveier, vil anbefale å ta rundturen om hytta ved Furevatn, ein fin tur på rundt 5 km.
<a
På garden har vi kyr, sauer, nokre få høner og kaniner. Hjå oss kan de få plukke egga hjå hønene, drikke melk rett fra tanken kose med kalvane og er du rektig heldig kan ein oppleve fødsel både i ku og sauefjøset. Lamminga er i april, så då er det et yrande liv i fjøset. Spør gjerne om å få delta i fjøsstellet eller be om en omvisning.
Vil de ha ein kanotur oppover elva, eller låne båt i eit av vanna, kan ein leie dette av oss.
Nå har vi laga badestrand ved Rognvatnet bare 300 meter fra huset. Vi har også SUP brett en kan leie.
Vi er så heldige som har ein flott natur rundt oss. Vi har ei enkel hytte som ligg ved Furevatnet som er eit flott mål for ein tur.
Vi har merka på traktorvei via Uvatjørn og Dybingen som er gode fiskevann. Dei siste 500 meterne er det bare ein enkel sti før ein kjem til hytta.
Vil ein innom hytta er det bare å kontakte oss for nøkkel. Den ligg like ovanfor Furevatn der ein også kan låna båten.
Etter ein pause ved hytta går ein videre ca 700 meter før ein på ny kjem til traktorveg og går heim igjen via Rognvatnet. Ein fin tur på ca 5 km.
Men ein treng ikkje gå langt for opplevelsene. Gå 500 meter til Gardaberget og du har flott utsikt over Ognedalen.