Nyheter

Plutselig fekk vi ein del ledig.

09.08.2018

 

Vi fekk i dag ei avbestilling som gjer at vi nå har ein del ledig fra 25 august.

Det ventes store nedbørsmengder dei komande dagar så vi har stor tru på at laksen vil koma hit opp snart.

Ogna elveigerlag har vedtatt å utvide fiskesesongen fra 10. til 20. september.

 

Nå har du ein ny mulighet til å få prøve deg på fiske i vår del av Ognaelva.

2 fiskekort i elva er inkludert når ein leier feriehuset på Eikeland Gard. Vi har også 4 fiskevatn der ein kan fiske etter aure eller røye, her kan alle gjester fiske fritt, også dei som leier leiligheten.

Her kan du sjå kor tid vi har ledig framover i Huset eller i Leiligheten

Du kan også kontakte oss på mail eller på tlf. +47 412 88 901

 

 

 

Endelig kom regnet.

 

06.08.2018

img_0445

 

 

Sommeren 2018 kommer til å gå inn i historiebøkene som ein av dei tørreste sommerene i manns minne.

Ingen her kan huske så lite vann i elva og vatna. Det har vore veldig usikkert om dyra våre hadde nok beite utover og det såg alvorleg ut for avlingane og grovforet som dyra treng i vinter.

I sist uke kom heldigvis regnet og alt ser mykje betre ut for oss nå. Beitene har vorte grønne igjen og alt tydar på at vi får ein 3 slått i år som kan hjelpa oss med å få nok for til dyra.

Med så lite nedbør blir det lite laks i elva. Nå har det kome over 100 mm siste uka og elva nærmer seg normalen igjen. Det har regna godt i dag og er meldt om nedbør dei neste dagane, så då håpar vi at elva blir stor nok til at laksen kjem hit opp iløpet av få dager.

Huset på Eikeland Gard er utleid ut oktober foreløpig og dermed er også laksefisket vårt opptatt.

Leiligheten har enda ein del ledig, så om du skal fiske i Bjerkreimselva eller vil prøva deg i eit av fiskevanna våre, har du fremdeles muligheten.

 

Du kan se kor tid vi har ledig under overnatting eller kontakte oss på post@eikelandgard.no eller ringe oss på +47 412 88 901

Reklamer