Nå bit laksen !

 

Den siste tida har det kome mykje regn, og elva har vore stor over tid. Det positive er at nå har det kome mykje laks opp fra nedre del av elva. Vil sitera ein av våre gjester som har fått 6 smålaks  på 1 til 3,5 kilo, og mista fleire dei siste dagane. » The river is full «

Når det regner og elva går opp, er det alltid dei påfølgane dagane som har det beste fisket. Går elva ned, samlar laksen seg der det er djupast i elva.

 

Vi gleder oss over at fiskeinteresserte gjester får flotte dager i elva, men som bønder håpar vi nok på tørt og godt vær. Graset er klar til slått og da treng vi fleire dager med godt vær for å koma ut på jorda.

 

Vi har litt ledig i slutten av fiskesesongen som i Ognaelva slutter 10. september og i Bjerkreimselva 20. september. I fiskevanna kan ein fiske etter ørret og røye heile året.

 

Vil også minna om at på Eikeland Gard er ein alltid velkomne. Vi har flotte turmuligheter, på gårdsveiene eller på merka sti som går innom hytta ved Furevatnet. Hjå oss kan ein hente egg hjå hønene, prøva fersk melk rett fra tanken, kansje oppleva kalving, mjølke ei ku, fore sau eller ta imot lam i april. Alle som vil kan få omvisning på garden. Grillhytta reknar vi med kjem til å bli mykje brukt i haust og vinter.

 

Kort avstand til Preikestolen, Stavanger, Jæren, Egersund og Flekkefjord.

 

Vil ein ha forslag til aktivitetar eller har andre ynskjer er det bare til å ta kontakt på post@eikelandgard.no

 


Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s