Velkommen til gards !

Soverom 2.etg, med takvindu mot sør

Soverom 2.etg, med takvindu mot sør

Eikeland Gard er eigna til det meste. Firmaturer, seminarer, avkobling, familieturer, ferie, eller selskap.

I huset finn du det meste, og om det er noko ein måtte ynskja, vil vi hjelpa til etter beste evne.
Peisen gjer ekstra kos på mørke vinterkvelder.

Hjå oss kan du få oppleva mykje natur, fine turstier med mellom anna ei rundløype på 5km som går innom hytta vår ved Furevatnet. Her kan ein kvila, overnatta, eller koka seg ein kopp med varm drikke om ein måtte ynskja.

Nå på hausten er det ein stor opplevelse og sjå laksen eller auren gå på bekken for å gyte. Ein kan nesten stryke den på ryggen.

Blir det sterk nok is, er det å fiska røye på Furevatnet noko alle burde fått med seg.

Eikeland Gard er ein aktiv gard med sau og mjølkeproduksjon. Vil ein vita meir om drifta, mjølka ei ku med hand eller vera med på fjøsstell, er det bare å ta kontakt. Rundt 1.april byrjar lamminga og mellom 250 og 300 lam vil koma i løpet av våren.

Planen framover er å laga eit bad og toalett til, i løpet av vinteren. Videre tenker vi ei koselig grillhytte i hagen i løpet av hausten 2015.

]Tor Gaute Mobil 116

Legg igjen en kommentar