Ein eventyrleg sommer er over. Mange fornøyde gjester, og fornøyd vertskap.
Etter mykje varme og lite nedbør kom det godt med regn i august, blei det godt med laks etter kvart.
Dei siste vekene blei det tatt over 30 laks fra våre gjester, fra 1 til 4 kilo.
Fisket blei også i år utvida til 20 september og laksen bit fremleis godt.
Utover hausten og vinteren har vi mange bestillinger, og stadig nye kjem til. Desse legg vi ut fortløpande slik at ein kan sjå kor tid huset er tilgjengelig.
Vi har hatt fleire utanlanske gjester i år og har nå fått ein ekstra parabol for å tilfredstilla desse.
Er ein innterresert i fiske, kan ein fiske aure eller røye i eit av dei fire fiskevatna, heile året.
Vi har mange gårdsveier som egner seg til turgåing og ei merka rundløype på ca 5 km som går innom hytta vi eig ved Furevatnet.
Ynskjer ein forslag til aktiviteter, eller om vil vera med ein tur i fjøset, er det bare å ta kontakt.