Vi har hatt ein strålande sommar med godt besøk og fornøyde gjester. Sommaren har vore tørr og varm. Dette har ført til at elva har vore liten og at det ikkje har vore anna enn ørret å få.
Bjerkreimselva har og vore rekordlav, lite fisk har vorte tatt her også.
I det siste har det kome ein del regn, og fra denne helga har det kome mykje regn over tid. Dette fører til at laksen begynner å gå og det blir gode tider i elva.
Vi har ei helg ledig i august 22.-24. og ledig fra 7.september.
Fiskesesongen i her i Ogna er slutt 10.September, Bjerkreimselva 20.September.
I 2013 blei sesongen også her utvida til 20. September, skjer det her vil vi gi beskjed om dette her.
I dei 4 vatna våre, kan alle som leiger huset fiske fritt heile året.