Vinterens fyrste snø

07.12.13 007

Laurdag 7 desember var ein fin dag med skikkelig julestemning. Blei ikkje langvarig, i dag søndag regnar det.

Det kan koma ein del snø her, og har fleire gonger vore ned mot minus 25 på verkelig kalde dagar.

Sjøl om dei siste 2 vintrane har vore stabile med snø over fleire månadar, er dette heller unntak enn normalt. Meir normalt er at den kjem og går, og blir mest bare liggande nokre dagar eller veker.

Vi ligg på ca 150 meter over havet og har ikkje meir enn 14 km i luftlinje til sjøen.

Blir det sterk og stabil is, vil vi oppdatera dette her. Vi har ein flott stad for isfiske.

Reklame