Nå kjem laksen !

12.08.2014

Vi har hatt ein strålande sommar med godt besøk og fornøyde gjester. Sommaren har vore tørr og varm. Dette har ført til at elva har vore liten og at det ikkje har vore anna enn ørret å få.

Bjerkreimselva har og vore rekordlav, lite fisk har vorte tatt her også.

I det siste har det kome ein del regn, og fra denne helga har det kome mykje regn over tid. Dette fører til at laksen begynner å gå og det blir gode tider i elva.

juni 2014 008

Vi har ei helg ledig i august 22.-24. og ledig fra 7.september.

Fiskesesongen i her i Ogna er slutt 10.September, Bjerkreimselva 20.September.
I 2013 blei sesongen også her utvida til 20. September, skjer det her vil vi gi beskjed om dette her.

I dei 4 vatna våre, kan alle som leiger huset fiske fritt heile året.

Fantastisk forsommer, men nå er det tørt.

juni 2014 010

Vi har hatt ein kjempeflott vår og forsommer. Dyr og folk på Eikeland har hatt gode tider.
Nå ønsker vi oss derimot noko regn. Elva er svært liten og nokre av bekkene har tørka ut.

I fjor blei fyrste laksen her oppe tatt 3 juli, dette virkar ikkje sannsynleg dette året. Vi holder til i øvre del av Ognaelva og må ha flaum før laksen kjem hit opp.

Aure har vi derimot nok av, både i elva og i dei 4 fiskevanna ein kan fiske i, om ein leiger hjå oss.

juni 2014 021

Mange bestillinger i sommer, men fremdeles litt ledig

Bilde 107

Det er nå vel et år siden vi tok imot dei første gjestene på Eikeland Gard.

Skal vi oppsummere er vi veldig fornøyd så langt. Mange familier, vennegjenger, fiskere og arbeidsfolk har vore innom her.

Kjekt er det å ta imot bestillinger for denne sommeren, og nå begynner det å fylles opp.

Det er enda noen dager ledige i Juni og Juli, ei helg i August og mye ledig etter 7. September.

Dere finn ledige datoer under Ledig.

For dere med fiskeinteresse er laksefisket i denne delen av Ognaelva best i slutten av sesongen. Hjå oss varer den normalt til 10.september, mens i Bjerkreimselva som ligg 7 km unna, varer sesongen til 20.September.
I dei 4 ørretvanna, er det stort sett godt fiske fra tidleg vår til godt utpå høsten. Er det trygg is om vinteren, er røyefisket vår en opplevelse.

Minner ellers på andre opplevelser som den fine turen til hytta vår, Kongeparken, Preikestolen, Jærmuseet, sandstrendene på Jæren, Sokndalstrand eller byturer til Egersund, Sandnes eller Stavanger.

Ønsker en å slappe av og bare nyte naturen, vil du finne deg vel til rette på Eikeland Gard.

Våren er ei flott tid !

CIMG0550

På Eikeland Gard er våronn og lamming i full gang. Ca 270 lam er venta denne månaden.

Våren er heldigvis tidlig dette året og forhåpentligvis kjem lamma snart ut på friskt beite.

Skulle ein ønske å leie feriehuset, har vi ein del ledig framover. Vi har hatt huset utleigt heile vinteren, så nå blir det snart tilgjengelig for fleire som måtte ønske nokre dagar på Eikeland Gard. Her er flotte tur og fiskemuligheter.

Går dere inn og ser på siden Ledig/Free kan ein sjå når huset er ledig eller opptatt.

030

Opplev Eikeland Gard på våren !

Hvor mange lam får denne?

Hvor mange lam får denne?

Kopplam er kjekt for dei minste.

Kopplam er kjekt for dei minste.

Våren er ei fantastisk tid på Eikeland Gard. Jorda blir vakna til live igjen, og mange nye liv blir født.
Ultralyden viser at vi kan få opp mot 280 lam denne våren.

Ynskjer ein å oppleva våren på eit levande gardsbruk er det bara å koma til Eikeland I apil og mai.

Spennande med nye lam-

Spennande med nye lam

Vi har merka tursti

Tor Gaute Mobil 034

Tor Gaute Mobil 026

Vi er så heldige som har ein flott natur rundt oss. Vi har ei enkel hytte som ligg ved Furevatnet som er eit flott mål for ein tur.

Vi har merka på traktorvei via Uvatjørn og Dybingen som er gode fiskevann. Dei siste 500 meterne er det bare ein enkel sti før ein kjem til hytta.

Vil ein innom hytta er det bare å kontakte oss for nøkkel. Den ligg like ovanfor Furevatn der ein også kan låna båten.

Etter ein pause ved hytta går ein videre ca 700 meter før ein på ny kjem til traktorveg og går heim igjen via Rognvatnet. Ein fin tur på ca 5 km.

Legg ved nokre fleire bilder under opplevelser.

Vinterens fyrste snø

07.12.13 007

Laurdag 7 desember var ein fin dag med skikkelig julestemning. Blei ikkje langvarig, i dag søndag regnar det.

Det kan koma ein del snø her, og har fleire gonger vore ned mot minus 25 på verkelig kalde dagar.

Sjøl om dei siste 2 vintrane har vore stabile med snø over fleire månadar, er dette heller unntak enn normalt. Meir normalt er at den kjem og går, og blir mest bare liggande nokre dagar eller veker.

Vi ligg på ca 150 meter over havet og har ikkje meir enn 14 km i luftlinje til sjøen.

Blir det sterk og stabil is, vil vi oppdatera dette her. Vi har ein flott stad for isfiske.